Avtalen gjeld frå veka etter påske til skuleslutt. Soknet og KM har tilsett ein ungdomsarbeidar for å koordinere arbeidet med ungdomsklubben. Arbeidet er i stor grad basert på frivillige som skal vere til stades i opningstida. Klubben, som skal halde til i dei gamle bibliotekslokala i rådhuskjellaren, skal vere open tre dagar i veka frå kl. 14-17.
Hareid sokn og KFUK-KFUM Hareid har danna eit interimsstyre med to personar frå kvar organisasjon der Gunn Berit Gjerde er leiar.
I ungdomsklubben er det lagt til rette for sosialt samver og aktivitetar, mellom anna spele brettspel, dataspel og billiard.
Erlend Friestad