Utsett eller oppdelt betaling av kommunale avgifter

Koronakrisa gjer at dei som har behov for å utsette eller dele opp betalinga av dei kommunale avgiftene, kan søkje om det.

Klikk for stort bileteHareid sett frå stien opp til Holstadhornet. 

Koronasituasjonen har ført til tapte inntekter for mange til dømes grunna permisjonar. Det kan gjere det vanskeleg å betale rekninga for kommunale avgiftene og eigedomsskatt.

Hareid kommune tilbyr dei som har behov for det, å dele opp rekninga eller søkje om betalingsutsetting.

Send ein eventuell søknad til vegard.selvag@hareid.kommune.no. Søknadane vil bli handsama fortløpande.