Utsette pengar til parken i sentrum

Hareid kommunestyre ville vente til ordinær budsjetthandsaming med å eventuelt løyve meir pengar til parken i sentrum. Les også om alle dei andre politiske sakene som blei handsama i kommunestyremøtet 24. oktober.

Klikk for stort bilete  

Til no har kommunestyret løyva 10 millionar til å oppruste parken i sentrum. Prosjektet var tenkt å bli bygd i fleire trinn og at kommunestyret skulle løyve meir i åra som kjem. I planleggingsfasen kom det fram at det ville vere meir praktisk og billigare om ein tok alle byggetrinna i ein jafs.

Administrasjonen spurte derfor kommunestyret om dei ville løyve ytterlegare 20 millionar kroner til parken, slik at ein hadde ei totalramme på 30 millionar. Opphaveleg hadde parkprosjektet ei tenkt ramme på 40 millionar.

I tilrådinga frå rådmannen låg det føre tre alternativ: Løyve dei 20 millionane, vente med eventuell løyving til budsjettmøtet i desember eller legge heile parken på is.

Formannskapet tilrådde kommunestyret å gå for alternativ to – vente til budsjetthandsaminga. Kommunestyret gjekk samrøystes for denne løysinga.

Festekontrakt Vikingpark Hjørungavåg

Kommunestyret gjekk samrøystes inn for at administrasjonen kunne ferdigstille festekontrakten med Hjørungavåg vikingpark om langtidsleige av området på Leira. Festeavgifta blei sett til 1 krone året.

Kommunepsykolog

Frå årsskiftet må alle kommunar ha kommunepsykolog. Administrasjonen har arbeida med eit interkommunalt samarbeid med fleire kommunar på Søre Sunnmøre om eit felles psykologkontor i Ulsteinvik. Kommunestyret meinte at dette ikkje var den føretrekte løysinga. Dei vil at Hareid kommune fyrst skal søkje etter eigen psykolog som skal halde til på helsehuset.

Fullstendig oversikt over sakene som blei handsama og vedtaka, finn du her.