Utvida vegbredde på Røysetvegen

Formannskapet vedtok tysdag 11. juni å utvide minimum vegbredde frå 3,5 meter til 4 meter.

Klikk for stort bileteLuftfoto av Snipsøyrdalen. Foto: Per Eide

Asfalteringa vil skje torsdag 13. juni. I utgangspunktet skulle vegen asfalterast i minimum 3,5 meters bredde. 

Formannskapet vedtok samrøystes å utvide denne grensa til 4 meter. Dette vil medføre ekstrakostnadar på 300.000 kroner. I utgangpunktet må slike avgjersler takast av kommunestyret, men kommunelova opnar for at formannskapet kan få utvida mynde i hastesaker.

I dette tilfellet var entreprenøren allereie på plass for å asfaltere, det var derfor ikkje tid til å kalle inn kommunestyret.