Utviding av planane på Brekkane

Utvida varsel om oppstart av planarbeid og forhandlingar om utbyggingsavtale vedk. «Detaljregulering for Brekkane» i Hareid kommune - planID: 20180002.

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 varslar ein med dette oppstart av arbeid med detaljregulering for Brekkane (tidlegare kalla «detaljregulering for gbnr.41/42 m.fl») i Hareid kommune. Ein varslar samstundes i medhald av Pbl § 17-4 om at det vert innleidd forhandlingar om utbyggingsavtale for området.

Tiltaket er varsla tidlegare, men grunna behov for utvida plangrense går dette varslingsbrevet til grunneigarar og naboar som blir berørt av utvidinga, samt til offentlege og private høyringsinstansar. Arbeidet medfører endring av delar av gjeldande reguleringsplan – jfr. kap.2.7 i vedlagte planinitiativ (vedlegg nr.6).

Opprinneleg planområde på 39,5daa er no utvida til om lag 61daa. Området ligg ca 400m vest for

rundkøyringa i Hareid sentrum, og grensar mot Fv.61/Hareidsvegen i sør og etablert bustadfelt i nord – jfr. kap.2.2 i vedlagte planinitiativ (vedlegg nr.6).

Formål

Målet med planarbeidet er å utvikle eit sentrumsnært og attraktivt bustadfelt for frittliggande og konsentrert småhusbusetnad. I tillegg ønskjer kommunen at det vert lagt til rette for ny vegforbindelse mellom Drammensvegen i aust og Reiten i vest og at ein set av areal til offentleg tenesteyting.

Saman med kommunen har ein i samsvar med Pbl § 4-2 vurdert planforslaget til ikkje å skulle konsekvensutgreiast.

Planstatus

For hovuddelen av planområdet er det reguleringsplanen for Rima-Brekkane-Gjerde (planID: 19740003) som gjeld. Unntaket er eit område T1 i vest som i gjeldande kommuneplan er avsett til offentleg/privat tenesteyting. Her er det kommuneplanen som gjeld – jfr. kap.2.7 i planinitiativet.

Plangrense

Planområdet på ca 61 daa er vist i vedlegg nr.1 saman med opprinneleg plangrense, men kan bli justert undervegs. Omtale av plangrensa framgår forøvrig av kap.2.2 i planinitiativet.

Forslagsstillar og planleggjar

Forslagsstillar: Trelast AS, Strandgata, 6060 Hareid

Plankonsulent: Per Mulvik AS, Holmen 7, 6100 Volda

Informasjon og medverknad

For informasjon undervegs i planarbeidet kan ein kontakte:

  • Per Mulvik AS v/Jan Magnus Ose - tlf.: 70074994 – e-post: jan@mulvik.no.
  • Trelast AS v/Terje G. Balsnes – tlf.: 94262699 – e-post: tgb@trelast-as.no
  • Hareid kommune v/Silja Øvrelid - tlf.: 98419650 – e.post: silja.ovrelid@hareid.kommune.no

Oppstartsvarselet er også lagt ut på kommunen si heimeside www.hareid.kommune.no

Merknader til oppstartsmeldinga

Eventuelle merknader/innspel til planarbeidet merkast med «planID: 1517-20180002» og sendast anten

som e-post til jan@mulvik.no eller som brev til: Per Mulvik AS, Holmen 7, 6100 Volda

Innkomne merknader vert saman med planframlegget sendt til kommunen for handsaming og utlegging til

offentleg ettersyn. Ein treng difor ikkje sende kopi av merknaden til kommunen.

Frist for merknader: 08.07.2019.

Vidare saksgang

Etter at merknadsfristen er ute, vert planframlegget utarbeidd og innsendt til Hareid kommune for handsaming. Etter første gangs handsaming og eventuelle justeringar legg kommunen planen ut til offentleg ettersyn. Det vert då høve til å kome med merknader og innsigelsar mot planframlegget før vidare politisk handsaming med sikte på endeleg godkjenning.

Relevante dokument: