Vaksine – siste sjanse på ei stund

Dersom du tidlegare har takka nei til vaksinen, eller ikkje svara på melding frå helsestasjonen, men likevel ønsker å få koronavaksinen, må du lese her.

pexels.com   

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Hareid kommune har no Pfizer-dosar til og med 13. oktober. Etter dette vil vi ikkje vaksinere meir før i november. Dersom du ønsker å få vaksine før november, må du derfor ta kontakt med helsestasjonen snarast på 468 34 785 måndag – fredag 9-15 eller e-post helsestasjonen@hareid.kommune.no

Neste sjanse blir i november. Då skal 16-17-åringane få dose to. Når vi bestiller til dei, kan vi også  bestille dosar til andre som ikkje har fått vaksine før.

Spørsmål om koronavaksinen? Få svar her.