Vaksinering av barn mellom 5-11 år og ekstra dose til 12-15-åringane

Regjeringa har etter råd frå FHI opna for å gi koronavaksine til barn i alderen 5-11 år, og i tillegg tilby andre dose til dei mellom 12-15 år.

Pexels  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Merk at dette ikkje er eit generelt råd, men ei moglegheit for dei som ut frå ei totalvurdering ønsker å vaksinere sitt barn.

Les meir om koronavaksineringa på vår vaksineportal.

Barn født 2010 – 2016

Kan få koronavaksine (barnedose), dersom føresette ønsker dette.

Barnet må vere fylt 5 år.

Det er særleg aktuelt for:

  • Barn med kronisk sjukdom.
  • Barn som er i nærkontakt med utsette personar (til dømes alvorleg sjuke i nær familie).
  • Barn som skal opphalde seg eller flytte til land med høg smitterisiko eller dårleg tilgang på helsetenester.

Merk at det ikkje vert sendt ut innkalling, men den enkelte som ønsker å vaksinere sitt barn, kan ringe eller sende SMS til 468 34 785 (ikkje send sensitiv informasjon på SMS).

Helsestasjonen har sett opp 02.02.22 frå kl 15:00 for denne aldersgruppa.

Koronaspørsmål? Sjå koronaportalen vår

Barn fødd 2006 – 2009

Får no tilbod om dose to, dersom føresette ønsker dette.

Dette tilbodet er særleg aktuelt for:

  • Barn med kronisk sjukdom.
  • Barn som er i nærkontakt med utsette personar (til dømes alvorleg sjuke i nær familie).
  • Barn som skal opphalde seg eller reise til land som krev to dosar i koronasertifikat (gjeld ikkje alle land)

Intervall mellom dose éin og dose to skal minst vere 12 veker. Det er vaksinering kvar onsdag på helsestasjonen.

Merk at det ikkje vert sendt ut innkalling, men den enkelte som ønsker dose to til sitt barn, kan ringe eller sende SMS til 468 34 785 (ikkje send sensitiv informasjon på SMS).

Det er heller ikkje for seint å få fyrste dose for denne aldersgruppa. Ta kontakt på nummeret over for å bestille.

 

Samtykkeskjema for unge som skal ta vaksine

Føresette må skrive under på samtykketskjema for at barnet/ungdommen din kan få vaksine. Begge føresette må skrive under for at samtykket skal vere gyldig.

Føresette må også skrive under på samtykkeskjema om barnet/ungdomen har tatt éin dose tidlegare.

For å gi digital samtykke for dei under 16 år må du gjere følgande:

  • Gå inn på www.c19.no
  • Gå til «bestill koronavaksinasjon»
  • Scroll ned til «samtykkeskjema for foresatte»
  • Alternativ til digital signering er å ta med skriftleg samtykkeskjema, signert av begge føresette. Papirvariant kan du laste ned her.