VAL: Kva kan du gjere med røystesetelen?

Kryss, slengarar og røystetillegg. Det er litt forskjellige reglar for kommunestyre- og fylkestingsvalet.

Klikk for stort bileteDei seks listene som stiller til val i Hareid kommune. Erlend Friestad

Stemmesetlane til dei to vala er skilde på farge: setlane til kommunestyrevalet er rosa. Til fylkestingsvalet er setlane blå.

 

Kommunevalet

KRYSS: I kommunevalet kan du setje kryss ved sidan av kandidatar du vil at skal kome høgare opp på lista du skal røyste på. Talet på slike «personrøyster» er med på å avgjere rekkefølga på kandidatane – og dermed kven som kjem inn.

Mange av listene har gitt dei øvste kandidatane røystetillegg (kandidatane med utheva skrift). Desse kandidatane har allereie fått kryss tilsvarande 25 prosent av alle som har røysta på lista.

 

SLENGARAR: I kommunevalet kan du også gje slengarar. Det er å gi personrøyster til kandidatar frå andre lister. Du kan gi opptil fem slike slengarar. Det er eit eige felt på røystesetelen for å gje slengarar.

Ein slengar svekker du den opphavelege lista noko og styrkar lista som har kandidaten som får slengar. For kommunevalet i Hareid, vil kvar slengar svekke lista du røyster på med om lag 5 prosent. Tilsvarande vil kvar slengar eit parti får telje som 5 prosent av ein røyst.

 

DØME: Listepartiet har tre kandidatar på lista si i denne rekkefølga:

Ola, Hanne, Per og Kari.

Ola og Hanne har fått røystetillegg og står med utheva skrift på røystesetelen.

Listepartiet får 100 røyster. Det er nok til å få inn to kandidatar.

  • Ola er ikkje spesielt populær so han får berre 2 kryss frå veljarane.
  • Hanne får 5 kryss frå veljarane og 2 slengarar
  • Per er svært populær og drar inn 14 kryss frå veljarane.
  • Kari er også godt likt og får 13 kryss frå dei som har røysta på Listepartiet. Ho får også 2 slengarar frå veljarar som har røysta på andre parti.

Når personrøystene blir talt opp blir dette rekkefølga:

  1. Hanne: 32 personrøyster (5 kryss + 2 slengarar + 25 i stemmetillegg (25 prosent av 100 røyster)
  2. Ola:  27 personrøyster (2 kryss + 25 i stemmetillegg (25 prosent av 100 røyster))
  3. Kari: 15 personrøyster (13 kryss og 2 slengarar)
  4. Per:  14 personrøyster (14 kryss)

Som de ser, skal det mykje til å «vippe» kandidatane med røystetillegg ned. Til tross for at både Kari og Per fekk fleire personstemmer (kryss og slengarar) enn dei to øvste kandidatane, gjer røystetillegget som partiet har gitt dei, at dei framleis står på topp.

Personstemmene har likevel endra på rekkefølga mellom kandidatane. Hanne vil vere fyrstekandidaten i kommunestyret, sjølv om Ola stod øvst på lista i utgangspunktet. Hadde Listepartiet berre fått inn ein kandidat, ville det ha vore Hanna.

Rekkefølga er også endra mellom Kari og Per. Kari vil vere fyrste vara til kommunestyret fordi ho fekk fleire personstemmar enn Per.

Fylkestingsvalet

KRYSS: I fylkestingsvalet kan ein også setje kryss ved sidan av ein kandidat for å gje personstemmer. Her er utrekningane litt annleis. 8 prosent av veljarane må ha gitt kryss til ein kandidat før vedkomande skal flyttast opp på lista. Blant dei kandidatane som har nådd dette kravet, vil det vere talet på kryss som avgjer rekkefølga. I fylkestingsvalet har ikkje partia moglegheit til å gje røystetillegg som i kommunevalet.

I fylkestingsvalet er det ikkje moglegheit til å gi slengarar.

Merk:

Andre endringar på røystesetelen enn dei det er gjort greie for over, vil det ikkje bli tatt omsyn til. Det er til dømes ikkje lov å stryke kandidatar i nokon av vala.