Vanleg skule for 1. klasse på Hareid skule

Læraren som var nærkontakt har testa negativt for andre gong. 1. klasse på Hareid skule er derfor ute av ventekarantenen.

Klikk for stort bilete Erlend Friestad  

Læraren hadde vore i kontakt med ein smitta person i Ulstein på Aktiv trening i Varleitet i veka etter påske. Årsaka til at vi valde ventekarantene for elevane, sjølv etter lang tid, var at andre nærkontaktar til dette treningssentertilfellet testa positivt.

For å vere på den sikre sida, ba vi fyrste klasse ha heimeskule ut veka. Læraren testa negativt også på andre test, fredag, så då er vi sikre på at det er trygt å sende elevane på skulen igjen.

LES OGSÅ: Vi har sett over 1000 koronavaksiner