Vannvittig viktig jobb ledig!

Kvar dag renn det over éin million liter drikkevatn gjennom dei kommunale leidningane i Hareid kommune. Vil du vere den som passar på at vatnet er trygt og godt å drikke?

Klikk for stort bilete Pexels.com/Pixabay  

Hareid kommune har eit svært godt drikkevatn. I innbyggarundersøkinga i 2019 fekk drikkevatnet i Hareid kommune karakteren 5,3 av 6!

Den som blir den nye driftsleiaren for vatn, vil ha ei nøkkelrolle for at vi skal halde dette nivået – og til og med forbetre oss. Driftsleiaren vil ha følgande arbeidsoppgåver:

  • Drift av vassbehandlingsanlegget
  • Prøvetaking
  • Ansvar for distribusjonsnettet: drift, vedlikehald og fornying
  • Delta på anlegg knytt til vedlikehald, oppgradering eller nye trasear
  • Bistå ved vassleidningsbrot
  • Følge opp tilsyn frå statlege etater, då særleg Mattilsynet
  • Du vil måtte gå inn i teknisk vakt, med turnus kvar 5. veke.

Stillinga blir ledig fordi noverande driftsleiar skal gå av med pensjon. I ei overlappingsperiode skal den gamle og den nye jobbe saman for å skire forsvarleg opplæring.
Søknadsfrist 22. november. Les meir om stillinga og søk her!