VEDTAKET ER OPPHEVA FRÅ 27. MARS Nytt vedtak om karantene gjeldande frå 21.03.20 kl. 18:00

Klikk for stort bileteVEDTAKET ER OPPHEVA FRÅ 27. MARS 

 

Alle som kjem til kommunen frå fylka Oslo, Agder, Rogaland; Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet, Vestland og Trøndelag får heimekarantene i 14. dagar. Det er lov å reise internt i Møre og Romsdal fylke.

VEDTAKET ER OPPHEVA FRÅ 27. MARS 

************************************

Karantene gjeld ikkje personar som er naudsynte for å ta i vare kritiske samfunnsoppgåver, førar og naudsynt personell for vare- og passasjertransport eller tilsette som reiser heim frå  norsk sokkel/plattform. 

Heile vedtaket:

«For å forsinke spreiing av Covid-19 gjer kommuneoverlegen laurdag 21.03.2020 følgjande vedtak, etter smittevernlova § 4-1 første ledd bokstav d:

1. Heimekarantene på 14 dagar for alle som kjem til kommunen frå fylka: Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet, Vestland og Trøndelag.

2. Personar som er naudsynte for å sikre forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar er unnateke krav om karantene. Dette gjeld m.a. nøkkelpersonell definert i DSB sin liste over kritiske samfunnsfunksjonar.

3. Førar og naudsynt personell for vare- og passasjertransport er unntatt krav om karantene

4. Innbyggarane i Møre og Romsdal kan bevege seg mellom kommunane i fylket, og andre fylke som ikkje er nemnt over. Med mindre andre fylker/kommunar gjer vedtak som begrensar dette.

5. Opphald på Norsk plattform/sokkel med påfølgande heimreise medfører ikkje heimekarantene etter punkt 1.

6. Organiserte, planlagde og akutte pasientreiser innafor heile Norge gir generell dispensasjon frå karantenekravet til Hareid kommune.

Dispensasjon for samfunnskritisk personell og næringsliv

Det kan også bli gitt unnatak i dei tilfelle der forflytting av personell er nødvendig for å sikre tilgjengelig mannskap for fortsatt drift av verk/prosjekter/bedrifter eller for å oppretthalde logistikk inn til og ut fra virksomheter.

Er du usikker på om du må ha dispensasjon frå vedtaket, ta kontakt med oss eller send søknad på e-post til postmottak@hareid.kommune.no. Spørsmål og søknadar vert handsama fortløpande.

 

Utviding av eksisterande karantene-reglar

Vedtaket er heimla i Smittevernlova paragraf 4-1.  Det er ei utviding av Helse- og omsorgsdepartementet si Forskrift om karantene mv. etter reiser utenfor Norden, og nyttar same tidsperiodane for karantene og isolasjon som denne:

 «En person i karantene skal oppholde seg i eget hjem eller annet egnet oppholdssted. Personen kan bare oppholde seg utenfor hjemmet eller oppholdsstedet såfremt nærkontakt med andre personer unngå.

Personer i karantene som utvikler forkjølelsessymptomer som hoste, feber eller tungpustethet, skal oppholde seg i isolering fra symptomer inntrer til 7 dager etter symptomfrihet. Med isolering menes at personen oppholder seg i eget hjem eller annet egnet oppholdssted.»

Strenge tiltak

Covid-19 er erklært som eit alvorleg utbrot av allmennfarleg smittsam sjukdom som kan få alvorlege helsekonsekvensar for mange menneske. Sjukdomen er også erklært som ein pandemi og ei alvorlig hending av betyding for internasjonal folkehelse av WHO.

Då Helsedirektoratet 12. mars mellom anna vedtok å stenge skular og barnehagar, oppmoda dei sterkt om å unngå alle fritidsreiser og anna kontakt med menneske:

«Helsedirektoratet ønsker at innenlands transport skal gå mest mulig som normalt, men vi oppfordrer sterkt alle til å unngå fritidsreiser.

Vi oppfordrer til å unngå reiser som ikke er strengt nødvendig (både innenlands og utenlands), unngå offentlig transport hvis du kan, unngå andre steder hvor du lett kommer nær andre, unngå nærkontakt med andre.»

Halde på kontrollen

På Hareid er det per no ikkje registrert smitte, men vi har smitte i fleire av våre nærliggande kommunar. Sidan det no er innført nye, strengare retningslinjer for å teste for covid-19-sjukdom, risikerer vi å miste kontrollen om vi ikkje får dempa smittepresset.

Hareid kommune har avgrensa kapasitet på helse- og omsorgstenestene våre. Vi har allereie no rapportar om smitte på legekontor, sjukeheimar og andre helseinstitusjonar. Skulle noko slikt skje i Hareid kommune, vil det gi store konsekvensar for moglegheiten til å gi forsvarleg hjelp til pasientar og brukarar.