Velkomen til folkemøte om budsjettet

Rådmann Ragnhild Velsvik Berge ønsker å orientere om den økonomiske situasjonen til Hareid kommune og framlegget til budsjett.Klikk for stort bilete  

Dei neste vekene skal politikarane i Hareid kommune gå gjennom framlegget og gjere sine endringar før dei til slutt skal vedta budsjettet i kommunestyremøtet 12. desember.

Det vil bli moglegheit for å stille spørsmål og kome med tilbakemeldingar.

Folkemøtet vil bli halde i kommunestyresalen på rådhuset torsdag 21. november klokka 18.

Møtet vil også bli direktesendt på Hareid kommune si Facebook-side og her på kommunen si nettside.

Meld di interesse for hendinga ved å trykke deltek på denne Facebook-hendinga.