Velkomen til Hareid kommune sin julekalender!

Kven gøymer seg bak lukene?

Klikk for stort bilete  

Kvar morgon i advent legg vi ut eit bilete av ein av politikarane i kommunen på Facebook-sida vår. På desse bileta er dei kanskje ikkje so lette å kjenne igjen. Viss du klarer å finne ut kven det er, kan du vinne fine premier. Alt du treng å gjere er å like biletet og skrive namnet på rette vedkomande i kommentarfeltet.

Neste dag avslører vi kven som hadde gøymd seg bak luka, saman med ein liten tekst om vedkomande. På den måten håpar vi at innbyggarane våre kan bli litt betre kjend med dei folkevalde.

Sjå fasiten nedst i artikkelen.

Slik føregår trekninga:

Kvar fredag blir det trekt ein dag frå dei føregåande konkurransedagane.

Når dag er vald, trekk vi ut eit av dei rette svara frå denne dagen.

1. juledag gjer vi tilsvarande, men då trekk vi også hovudpremien for heile desember.

Premier:

Vekespremie er: Gåvekort hos Floriss eller Strax

Hovudpremie er: Gåvekort hos Strax og eit par av den særs sjeldne Hareids-votten.

Klikk for stort bileteHareidvotten er ein del av hovudpremien i Hareid kommune sin adventskalender 2019.