Velkomen til innskriving av skulestartarar i Hareid kommune

Det er tid for innskriving av elevar som er fødde i 2016 og som skal starte i 1. klasse i august 2022.

Pexels/Andrea Piacquadio  

TIDSPUNKT: FREDAG 11. FEBRUAR

Skulestartar møter på den skulen dei høyrer til, saman med éin av sine føresette.

Her vil dei få møte rektor, og levere inn utfyllingsarket som er sendt heim på førehand. Heile innskrivingsprosessen tek om lag 10-15 minutt.

Bigset skule: hovudinngangen/biblioteket

Dei med etternamn som startar på A- M møter i tidsrommet kl. 13.00 – 14.30

Dei med etternamn som startar på N- Å møter i tidsrommet kl.  14.30 - 16.00

Hjørungavåg skule: gymsalen

Dei med etternamn som startar på A- M møter i tidsrommet kl. 13.00 – 14.30

Dei med etternamn som startar på N- Å møter i tidsrommet kl.  14.30 - 16.00

Hareid skule: aulaen

Dei med etternamn som startar på A - M møter i tidsrommet kl. 12.00 – 14.00

Dei med etternamn som startar på N - Å møter i tidsrommet kl.  14.00 - 16.00


Smittevern under innskrivinga

  • Alle må passe på å halde avstand, minst 1 meter (også i køen)
  • Alle må ha god handhygiene. Vask hender med såpe og vatn. Handsprit undervegs. 
  • Har du eller barnet ditt symptom på luftvegsinfeksjon kan de ikkje kome. 

 

Skuleåret 2022/2023

Kommunen har henta inn skulestartarane frå Folkeregisteret, slik at vi har namn og kontaktpersonar/føresette på alle som bur i Hareid. Det er likevel ønskeleg med litt fleire opplysningar inn, samt at vi ønsker å dele informasjon med heimane før skulestart.

Om det skulle vere nokon som planlegg å flytte til Hareid kommune i 2022 og har born som skal byrje i 1.klasse, ber vi om at føresette kontaktar skulen om dette.

Innskrivingsskjema

Føresette må innan 10. februar 2022 fylle ut innskrivingsskjemaet elektronisk. Om du ikkje har gjort det, så finn du skjemaet via denne lenka.

Elevane skal også sjølv få fylle ut sitt eige innskrivingsskjema. Det blir sendt frå rektor til barnehagane. Elevane skal levere dette skjema til rektor på skulen på innskrivingsdagen.

Førskuledag

Det brukar å vere ein førskuledag i juni, der skulestartarane møter på skulen og får møte medelevar, kontaktlærar og rektor. Skule vil sende ut informasjon om førskuledagen, tid og oppmøtestad når datoen nærmar seg.

Fyrste skuledag

Skuleåret 2022/2023 er fyrste skuledag måndag 22. august. Då møter fyrsteklassingane med ein av sine føresette, til første time med skulesekk og det som høyrer til – med store forventningar!


Påmelding SFO

I Hareid kommune er det tilbod om SFO ved alle barneskulane for born i 1.- 4. klasse, og i 1.-7. klasse for born med særskilde behov. Plassen i SFO gjeld frå tildeling og fram til og med 4. klasse,  eller til plassen vert sagt opp av føresette eller kommunen.

Frist for påmelding til SFO er 15. april.

Her kan du lese meir om SFO og søkje om plass

Bruk av Ipad/digitale verkty

Dei minste borna i grunnskulen, 1.-7. klasse,  nyttar Ipad som digitalt verkty i opplæringa. Elevane får kvar sin Ipad, som skal nyttast både på skulen og heime etter fastsette bruksreglar. Dette blir det sendt ut meir informasjon om ved skulestart.

Edlevo-appen

Grunnskulen i Hareid nyttar oppvekst-program frå TietoEvry.  Dei tilbyr Edlevo-appen som føresette kan laste ned på digitale plattformer (PC, brett, mobil), og både sende og ta imot meldingar og informasjon om sine elevar i skule og SFO. Døme på slike meldingar kan vere fråvær, meldingar frå føresette til kontaktlærar og meldingar frå skulen til heimane.