Velkomen til nye 1.-klassingar

Har du eit barn som skal begynne på skulen til hausten, er det snart tid for innskriving. 

Klikk for stort bilete Pexel

10.-11. februar er sett av til dette på Bigset, Hareid og Hjørungavåg skule.

Skulane vil sende ut personleg invitasjon i posten etterkvart. Men skulle du ikkje ha fått dette brevet når det nærmar seg, er det berre å ringe til skulen og avtale tid. Alle er hjarteleg velkomne.

Til deg som snart skal begynne på skulen:
Du vil snart få eit brev i posten frå den skulen du skal gå på til hausten, der skulen inviterer deg til besøk og innskriving. På innskriving møter du rektor eller assisterande rektor, og du får kome inn på kontoret saman med den vaksne du har med deg. Der vil rektor bli litt kjent med deg, og de vi prate litt saman. Du vil nok få ei lita skrivebok og ein blyant/viskelær også. Rektor gler seg til å treffe deg, og til du skal begynne på skulen. Velkomen til innskriving.