Velkomen til sommarskule for 8.-10. klassingane!

Vi har no fått gjennomført ei veke med sommarskule og vi er svært trygge på at dette blir eit godt tilbod til dei står for tur.

Klikk for stort bilete Pexels.com  

Endeleg er det 8.-10. klassingar sin tur til å delta på tidenes sommarskule. Det er til saman 50 elevar som skal delta denne veka – fint fordelt mellom jenter og gutar. 

På menyen står spennande møter med kjente og nye ansikt, eit stort utval av aktivitetar og mat som gir næring til læring, leik og kreativitet.

Vi ynskjer å by på ei hivens veke fullspekka med skreddarsydde opplevingar frå morgon til kveld i vårt lokalmiljø.

I løpet av denne veka får ein høve til å teste friluftsliv, kreativt verkstad,  ta skrivekurs, handball og fotball, golf/fotballgolf, turn og friidrett og ulike kulturgreiner som dans og kunst. Planlagt tur med Polarstar vert erstatta med tur til klatreparken i Stryn. I tillegg blir det hengekøye-camp på Nesset med overnatting.

Vi startar måndag 28. juni kl 08.30 og alle elevane møter opp på Hareid ungdomskule. Ordførar Bernt Brandal vil  ynskje velkomen og ha offisiell opning av sommarskuleveka.

Vi tek atterhald om eventuelle endringar i vekes programmet basert på behov, vær og smittevern.

Velkomen og god sommar!

Helsing

Sektor for læring og kultur v/Cecilie og Christine