Velkomne til å besøke sjukeheimen

Folkehelseinstituttet har kome med nye retningslinjer for besøk på kommunale helse- og omsorgsinstitusjonar.

Klikk for stort bilete 

Desse ligg tett opp til slik Hareid kommune har praktisert besøk på sjukeheimen den siste tida. Det er ikkje registrert lokal smitte per no og kommuneoverlegen har godkjent at vi følgjer dei nasjonale retningslinjene framover.

Vi råder alle som skal på eller vurderer besøk om å lese rettleiaren frå Folkehelseinstituttet.

Her er kortversjonen:

Alt fysisk besøk skal avtalast på førehand. Kontakt avdelingane for å avtale:

Korttidseining

700 37 522

Bueining

700 37 533

Skjerma eining

700 37 539

 

  • Personar med symptom på luftvegssjukdom kan som hovudregel ikkje kome på besøk
  • Personar med sannsynleg eller stadfesta covid-19-sjukdom kan ikkje besøke sjukeheimen
  • Besøkande må overhalde 1-metersregelen.
  • Besøkande må vere nøye på hygiene
  • Bebuarar kan ta imot gåver, blomster og liknande
  • Vi ønsker at besøk som hovudregel skal skje på eigne besøksrom. Ein kan vere på pasientrom etter avtale. Det vil ikkje vere mogleg å nytte fellesareal.