Vi ber om orsaking for manglande info om vasstenging

Onsdag 29. mai, blei vatnet stengd i Gamle Brandalsvegen for å kople på ny vassledning. Vatnet vil vere vekke eit stykke utover ettermiddagen og tidleg kveld. Tidspunktet vil variere frå hus til hus, alt etter kvar det er på strekninga.

I arbeidet med å informere bebuarane har det skjedd fleire store glippar. Det ber vi om orsaking for.

1. Det blei (delvis, sjå punkt 2) varsla med altfor kort frist. Tekstmelding blei sendt ut kl 0950 og vatnet blei stengd ca kl 1015. Det er sjølvsagt ikkje godt nok, og umogleg for de som er bebuarar å førebu dykk.

2. Meldinga har, kan det sjå ut som, ikkje blitt sendt til alle som skulle ha ho. Kor mange det gjeld, og kvifor folk ikkje har fått ho, kan vi ikkje svare på akkurat no.

Vi skal so fort som råd gå gjennom rutinane for varsling av innbyggarane ved slike planlagde avbrot (vass, veg etc).

Det som har skjedd i dag, er ikkje godt nok og ikkje slik vi vil ha det.

Ber igjen om orsaking og ønsker dykk alle ei god langhelg.