Vi er på leit etter ny økonomileiar

Er du handlekraftig, kreativ og analytisk, kan du få ein jobb som er spennande, viktig og har stor innverknad på korleis Hareid kommune skal drivast.

Klikk for stort bileteFlyfoto retning Hareid sentrum frå Bigset.

Hareid er ei lita bygd som er lykkeleg inneklemt mellom to byar. Det er ei bygd i utvikling. Her veks folketalet, og folket som bur her har stort engasjement og saman skaper vi alle eit rikt kulturliv. Det er fokus på etablering av byggefelt, gode oppvekstvilkår, sentrumsutvikling og vekst i næringslivet.

Arbeidsstaden din vert på eit heilt nyoppussa rådhus. Her er godt arbeidsmiljø med kollegaer som har god breidde i både kompetanse og alder. Rådmannen og Rådmannens leiargruppe vert dine næraste medarbeidarar,  og du er saksansvarleg i politiske møter i saker der økonomiforvaltning  er på agendaen.  God skriftleg og munnleg framstillingsevne er difor ein fordel. Dette også fordi du vil ha ei viktig rolle i opplæring av leiarane i kommunen.

Vi søkjer difor etter ein kreativ økonomileiar som liker rydding og vil vere med oss på jakt for å frigi midlar. Kommuneøkonomien er under press. Slik er det også i Hareid. Vi går inn i ei tid med aukande behov og krav. Vi treng å frigi driftsmidlar til investering. Til dette treng vi ein person som er tydelig og har både handlekraft og gjennomføringsevne.

Ei kommune yter tenester frå vogge til grav. Vi som arbeider her har eit enormt spenn i kompetanse. Det finns difor ikkje ein meir variert arbeidsplass. Å få vere med å forme og utvikle samfunnet er eit spennande og givande oppdrag.

Her kan du lese meir om stillinga og sende inn søknad.