Vi går frå gult til grønt i skule og barnehage

Frå måndag 7. juni vil skulane og barnehagane i Hareid kommune gå frå gult til grønt tiltaksnivå.

Klikk for stort bileteSyverplassen barnehage. Erlend Friestad  

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Det er utarbeidd ein trafikklysmodell frå nasjonale styresmakter. Fram til i førre veke måtte alle ligge på minst gult nivå. Frå 27. mai kunne kommunane sjølv bestemme kva nivå koronatiltaka i skule og barnehage skulle ligge på.

På grunn av den rolege smittesituasjonen i kommunen og områda rund oss, har kriseleiinga i Hareid kommune bestemt at vi frå måndag 7. juni går ned til grønt tiltaksnivå. Skule- og barnehagekvardagen vil då bli litt mindre koronaprega. Grønt nivå vil gjere det lettare å arrangere aktivitetar på tvers av klassar og avdelingar.

Sidan gult nivå er sopass innarbeida, vil vi halde på nokre av tiltaka fram til sommarferien, mellom anna friminuttordningane i skulen.

 

Grønt nivå på skulane

Ingen sjuke skal møte på skulen

  • God hygiene
  • Unngå fysisk kontakt mellom personar (handhelsing og klemming)
  • Vanleg organisering av skuleklasser og skulekvardag

Les meir om trafikklysmodellen i skulane her.

 

Grønt nivå i barnehagane

  • Ingen sjuke skal møte i barnehagen
  • God hygiene og normalt reinhald
  • Kontaktreduserande tiltak:
    • Unngå fysisk kontakt mellom tilsette (handhelsing og klemming)
  • Vanleg organisering av avdelingar og barnehagekvardag

Les meir om trafikklysmodellen i barnehagane her.