Dei har vald ei litt ugunstig plassering av reir i år. Som mange andre, så likar dei blomsterkrukkene til Hafest og syntest derfor ei slik ei passa perfekt som barnerom. Uheldigvis står krukka rett utanfor sideinngangen på rådhuset.
Førebels ligg ungane i ro, inne i egget. Så då er det enkelt å ikkje trakke i hennar bed. Nytt hovudinngangen så langt som råd, så slepp du å få kjeft av dei omsorgsfulle måsene.
Måskotane våre er fiskemåser. Fiskemåsa som art er sterkt truga. Ho har vore raudlista – og freda – sidan 2010 på grunn av sterkt tilbakegang for arten. Enkelte stader er bestanden blitt redusert med over 90 prosent. I tillegg til at fiskemåsen er freda, så er det generelle reglar om at det er strengt forbode å flytte eller fjerne reir, egg eller ungar til hekkande fuglar. Dette er ikkje ein sovande regel og det er mange døme på at enkeltpersonar og verksemder har fått bøter for å ha øydelagt fuglereir.
Å fjerne egg kan uansett gjere at perioden måsene jagar folk blir lenger. Dei legg ofte berre nye egg om dei opphavelege forsvinn.
Begge foreldra byter på å ruge egga og ungane kjem ut etter 23-28 dagar. Når dei blir klekt, vil dei som regel gå frå reiret. Då får vi håpe dei trekk lenger unna inngangen og at både dei får ein mindre stressande kvardag – og vi litt lågare skuldrer når vi skal inn og ut av rådhuset.