Vi har sett den fyrste koronavaksinen!

Den fyrste sprøyta med koronavaksine blei sett torsdag formiddag på sjukeheimen.

Klikk for stort bileteBirte Kristine Mork, Ann Cathrin Hjelmeseth og Kamilla Grimstad Hagen ved Hareid sjukeheim gjorde seg torsdag klar til å setje dei første vaksinane mot Covid-19 i Hareid. Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll /Vikebladet Vestposten/m særskilt løyve

Totalt fekk 24 av bebuarane på skjerma avdeling på sjukeheimen sprøyta som skal verne mot at dei blir alvorleg sjuke skulle dei bli smitta av koronaviruset.

Mange lurer sikker på kva tid det er deira tur til å få vaksinen. Til dei er svaret at vi ikkje veit. Hareid kommune får no ganske få doser i slengen kvar veke. Dette talet vil auke utover vinteren/våren, særleg vil det auke når nye vaksinetyper blir tilgjengeleg.


Det viktigaste bodskapen vi har no, er at vi kontaktar deg når det er din tur, og at vi håpar du seier ja til tilbodet om vaksine. Det er altså ikkje naudsynt å ringe fastlegen eller kommunen for å bestille tid. Hareid følgjer sjølvsagt dei nasjonale retningslinjene for kven som skal blir prioritert. Enkelt sagt: Dei eldste og dei med sjukdomar som går dårleg saman med covid-19 står fyrst i køen.

For å kunne gi deg best mogleg og mest mogleg informasjon om vaksinane og vaksineringa, har vi oppretta ein vaksineportal. Her svarer vi på spørsmåla innbyggarane har. Dersom du ikkje får svar på det du lurar på, er det mogleg å legge igjen ei tilbakemelding nedst på sida.

Portalen blir oppdatert forløpande med ny informasjon, nye spørsmål/svar og status.