Vi nærmar oss vinter …

I Hareid Kommune startar Vinterdrift-sesongen 15. november. Kva kan kommune og innbyggjarar gjere for saman å bidra til god vinterdrift av vegane våre?

Brøytebil på snødekt veg. - Klikk for stort bilete shutterstock

Vêret har halde seg fint lenge, men no førebur vi oss for snø og kulde. Vinterdrifta i Hareid kommune omfattar blant anna brøyting, snørydding og strøing og vi har kontrakt på plass for alle dei 7 brøyterodene i Hareid Kommune.

Kva tid brøyter og strør vi?

Etter kontrakt skal brøytemannskapa rykke ut ved ca 10 cm snøfall. Ved snøfall om natta skal alle vegar og parkeringsplassar normalt vere ferdig brøyta innan kl 07:00 om morgonen, i minimum 1 bredde (midlertidig). Brøyting av gangvegar, sykkelvegar og fortau skal skje direkte etterpå. Men det er viktig å hugse at brøytemannskapet ikkje kan vere fleire stadar på same roda samtidig, dersom det snør mykje på morgonen.

Strøing skal vanlegvis utførast som «punktstrøing» der det berre vert strødd på vanskelege punkt som i bratte bakkar, skarpe kurver, kryssområde og ved fotgjengarfelt. «Heilstrøing» vert berre utført under vanskelege forhold.
 

Kva tid må du flytte bilen?

Ved snøfall må du flytte parkert bil vekk frå kommunal veg, slik at brøytemannskapet får gjort ein best mogleg jobb.

I Hareid kommune har vi mange smale vegar, der parkerte bilar og tilhengarar langs vegen kan hindre brøyting. Unngå difor å parkere langs offentleg veg. Det kan også hende at vi må setje opp skilt om parkering forbode fortløpande ved behov.

Hugs at for at sjukebil og brannbil skal kome seg fram må vegen først vere fri for hinder slik at brøytemannskapet kan brøyte vekk snøen.

Vi minner om vegtrafikklova §3: «Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikke unødig blir hindret eller forstyrret. Vegfarende skal også vise hensyn mot dem som bor eller oppholder seg ved vegen.»
 

Kva kan du elles gjere for å bidra til god vinterdrift?

Bossdunkar
Vi ber om at de ikkje let bossdunk stå i vegbana unødig lenge. Forkort tida som bossdunken er i vegbana ved å setje den ut på kveldstid dagen før henting og ta den inn fortast mogleg, og helst same dag som bossbilen har vore hos deg.

Buskar/hekkar langs kommunal veg
Før snøen kjem bør du klippe ned greiner og hekkar på din eigedom, som heng ut i vegbana. Då er du med på å sikre god sikt langs vegen, bidreg til at vegen kan verte brøyta i si fulle breidde, vi unngår oppstriping av brøytebilar osv.
 

Ei lita grei oppsummering til slutt:

  • Ver førebudd på føreforholda; anten du går, syklar eller køyrer.
  • Parker slik at brøytebilane kjem fram.
  • Rydd eiga innkøyring for snø.
  • Ikkje måk snø frå eigen eigedom ut i vegen.
  • Forkort tida som bossdunken er ved vegbana.
  • Klipp greiner og hekkar som hindrar fri sikt og brøyting.

Vi ber om forståing for at vêrforholda av og til kan gjere det vanskeleg for brøytemannskapa å innfri alle forventningar om brøyta veg så raskt som dei skulle ønske.