Vi søker etter driftsleiar

Hareid kommune har over 40.000 kvadratmeter med bygningsmasse. No leitar vi etter ein person som vil vere med å ta vare på, drifte og utvikle bygningane våre.Klikk for stort bilete    

Sjå video der eigedomsleiar Pergunn Rødseth Gjerdsbakk presenterer stillinga:

Som driftsleiar vil du vil jobbe i eining for kommunal eigedom. Der skal du bidra til effektiv drift og verdibevarande vedlikehold av kommunen sine eigedomar.

Kommunal eigedom har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehold og utvikling av bygningar, tekniske anlegg og utomhus areal på alle kommunen sine eigedomar.

OBS: Ny søknadsfrist 11. oktober.

Les meir og søk på stillinga her.