Vi søker etter legar til splitter nytt helsehus

Vil du bli med oss inn i det nye helsehuset på Hareid, med fantastisk utsikt over fjorden og Sunnmørsalpane!

Klikk for stort bileteLegekontoret er i øvste etasje! Erlend Friestad    


Vi har ledig to 100% stillingar som fastlege. Stillingane er faste, og startdato blir etter nærare avtale.
Hareid kommune har seks heile legestillingar/legeheimlar. Dei fire andre er sjølvstendig næringsdrivande. Dei ledige stillingane har listetak på 600/950, med opning for individuell tilpassing. Eine stillinga er i dag kombinert med 50-prosentstilling som sjukeheimslege. Det er aktuelt med kommunale oppgåver, slik som smittevern, helsestasjon, helsestasjon for ungdom og kommuneoverlege.

Legesenteret flyttar inn i nytt og moderne helsehus i løpet av mars månad. I helsehuset vil du også finne helsestasjon, NAV, fylkestannlege og bibliotek. Legesenteret har dyktige helsesekretærar som støttepersonell. Det er eit godt samarbeid med kommunale helsetenester som psykisk helse- og rus, sjukeheim, heimetenesta og helsestasjon. 

Les meir og søk her!