Vi søker etter rådgivarar for kommunen

Ungdom, eldre og personer med nedsett funksjonsevne har eigne råd som no skal veljast på nytt.

Klikk for stort bileteLøkeberget i Hareid kommune sett frå Hasundhornet. Hildegunn Thomassen    

Alle kommunar er pålagde å ha tre rådgivande, folkevalde organ:

  • Ungdomsråd
  • Eldreråd
  • Råd for menneske med nedsett funksjonsevne (RFU)

Desse råda er til for å sikre at grupper som ikkje er godt nok representerte i andre folkevalde organ skal få seie si meining. Kommunen er pliktige til å ta desse med på råd so tidleg i prosessen at innspela herfrå kan få innverknad på det endelege vedtaket.

Valperioden for desse organa følgjer kommunestyreperioden, og dermed skal desse råda veljast på nytt. Dei sittande råda får utvida funksjonstid fram til nye råd er vald, men det må skje seinast årskiftet. Kommunestyret vil derfor velje RFU, eldreråd og Ungdomsråd i møtet sitt 12. desember.

For å sikre at dei som tilhøyrer desse gruppene, faktiske blir høyrd, har organisasjonar som representer desse gruppene rett til å fremje framlegg om medlemmar til det rådet som representerer deira interesse.

  • For ungdom kan det vere ungdomshus, elevråd, fritidsklubbar mm.
  • For eldre kan det vere pensjonistlaget,
  • For personar med funksjonshemming, kan det vere organisasjonar som representerer til dømes blinde eller røyrslehemma.

Ta kontakt med din organisasjon og be dei kome med eit framlegg. Det kan sendast til postmottak@hareid.kommune.no.

For ungdomsråd og eldreråd er det særskilde reglar for kven som kan bli valde:

I eldrerådet må fleirtalet av medlemmane vere over 60 år på valtidspunktet

I ungdomsrådet kan ikkje medlemmane ha fylt 19 år på valtidspunktet. Her er det også kortare valperiode på inntil to år.