Vi søker vaksinatørar

Hareid kommune treng fleire personar som kan hjelpe til med å vaksinere mot covid-19-infeksjon.

Pexels   

Det er lagt opp til vaksinering onsdagar framover.

Du må vere helsepersonell med grunnleggande kompetanse. Opplæring vil bli gitt.

Aktuelle yrkesgrupper er sjukepleiar, helsefagarbeidar, pensjonert helsepersonell, vernepleiar, ambulansearbeidar med meir. Studentar oppmodast også om å ta kontakt.

Interessert? Kontakt einingsleiar Monica Svoren på  telefon 92885795 eller epost monica.svoren@hareid.kommune.no