Vi søkjer etter fysioterapeut

Vi har ledig eit vikariat i 80 prosent stilling som fysioterapeut frå snarast og til og med 31.07.2022 Det kan vere moglegheit for auke og forlenging av stilling om vi får tilført nye prosjektmidlar.

Klikk for stort bilete Pexels.com/Karolina Grabowska  

Vi ønskjer at du deltek positivt i sektoren. Du meistrar å arbeide på mange arenaer med ulike grupper i befolkninga, og er med på å vidareutvikle og skape berekraftige helsetenester for framtida.

Sektor for velferd står framfor ein viktig prosess med omstilling- og nyskapingsarbeid. Stillinga som fysioterapeut er eit viktig bidrag i prosessen.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:

  • Starte og delta i helsefremjande og førebyggjande arbeid samt rehabilitering
  • Ansvar for fysioterapi på institusjon og noko heimebehandling
  • Planlegge og drifte treningsgrupper
  • Bidra i ulike lågterskeltilbod
  • Rettleiing og opplæring av personell
  • Delta i fleirfagleg arbeid
  • Arbeide tett saman med heimetenester, institusjon, ergoterapeut, interkommunale og eksterne samarbeidspartar
  • Bidra til fagleg utvikling av tenestene
  • Noko hjelpemiddelformidling

Les meir om stillinga og søk her.

Søknadsfrist: 9. august