Vi søkjer etter prosjektleiar for Vekst i Hareid

Er du interessert i nærings- og samfunnsutvikling kan dette vere stillinga for deg. Er du flink med folk, har lett for å finne ut av ting, har gjennomføringsevne og er framoverlent? Ja, då er du rette personen for oss.

Klikk for stort bilete Nanseth media  

Prosjekt Vekst i Hareid er eit samarbeidsprosjekt mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Innovasjon Norge, næringslivet i Hareid og Hareid kommune. Målet er å skape nye arbeidsplassar. Prosjektet har alt initiert prosjekt av internasjonal interesse, og vegen vidare er svært spanande. Stillinga er ledig frå snarast.

Les meir om stillinga og søk her.