Vi treng bøsse-ambassadørar!

Kan du hjelpe oss å vise fram bøssa vår?

Klikk for stort bilete 

Bøssebærarane har vore ryggraden i TV-aksjonen frå starten. I eit normalår får TV-aksjonen inn ein tredel av inntektene gjennom vanlege bøsser. På grunn av koronapandemien, kan vi ikkje gå frå dør til dør med bøsser i år. Løysinga er digitale bøsser. Desse må vi reklamere for. Til det treng vi di hjelp: Vi treng bøsse-ambassadørar.

Ein bøsse-ambassadør er ein person som står med plakatar på stader det er mykje folk. På plakatane er det ein QR-kode. Viss folk tar bilete med telefonen sin/eller skannar koden, vil dei bli sendt til Hareid kommune si digitale bøsse. Her kan dei legge igjen nokre kroner ved hjelp av Vipps eller andre betalingsløysingar.

LES MEIR: Slik kan du gi og slik kan du bidra

VI utfordrar dei som har gått med bøsser tidlegare år og andre til å vere bøsse-ambassadørar.

Ta kontakt med Sissel Nevstad (sissel.nevstad@hareid.kommune.no / 948 73 010) for å melde deg som bøsse-ambassadør. Oppgi tidspunkt du kan stille. Du kan sjølv velje om du vil stå éin time eller fleire. Gå gjerne saman to og to.

Hareid kommune har ferdige, laminerte plakatar som bøsse-ambassadørane får utdelt.

Vi har fått lov av Fjord1 og fylkeskommunen til å gå med digitale bøsser på ferja mellom Hareid og Sulesund.

Då kan de gå mellom bilane (når ferga har lagt frå kai og ikkje er i ferd med å legge til) og i salongen. De må også sjølvsagt forhalde dykk til smittevernreglar (avstand, hygiene og ikkje delta om du er sjuk).

Her er lenke til Hareid kommune si digitale bøsse. Del den gjerne på sosiale medier!

Følgande tidsrom er aktuelle:

  • Fredag kl 15-19
  • Laurdag frå kl 12-18
  • Sundag frå kl 12-18

Vi har også andre alternativ som kan vere aktuelle innafor same tidsrom viss vi skulle få god respons frå dykk.

Dersom du vil skrive ut plakaten sjølv og henge opp i din butikk, kantine, kontor eller liknande, så kan du laste ned plakaten her (A3). (PDF, 96 kB)