To av stillingane er på 70 prosent på skjerma eining. Her er det arbeid på natt og kvar tredje helg. Den siste er på 85 prosent i heimesjukepleien. Her er det arbeid på dag og kveld, og kvar tredje helg. Dersom interne søkarar får jobbane, kan andre stillingar bli ledige.
Vi jobbar kontinuerleg med utviklinga av tenestene og gode arbeidsvilkår for tilsette. I turnus har vi fagdag. Dette opplever vi som positivt for fagutvikling og arbeidsmiljø. På desse dagane legg vi forhandlingsturnus, der du kan påverke eiga arbeidstid og fritid. Vi ynskjer at du bidreg til fagleg gode tenester i sektor for velferd. Vi har eit tett og godt samarbeid mellom einingane i sektoren, noko som er viktig for gode pasientforløp og pasienttryggleik.
Les meir og søk på stillingane her.