Vi treng sjukepleiar og helsefagarbeidar til ressurslag

For å auke stabiliteten og kompetansen ved korttidsfråvær, har velferdssektoren oppretta ressurslag med fast tilsette som skal gå inn der det oppstår korttidsfråver.

Klikk for stort bilete Pexels.com/Matthias Zomer  


Du vil arbeide i fast arbeidsplan/turnus og vere fast tilsett i éi avdeling. Delar av stillinga vert i ressurslag som kan gi arbeid i ei tilhøyrande eining. Du kan til dømes vere tilsett i ressurslaget i heimetenesta, men også arbeide på korttidseininga. Det er difor krav til fleksibilitet.

I sektor for velferd ønskjer vi oss medarbeidarar som er som engasjerte, profesjonelle og løysningsorienterte, viser respekt og er rause. Du har arbeider sjølvstendig, og samarbeidar godt. Vi legg stor vekt på at du er personleg eigna, stabil og har eit godt verdigrunnlag og høg arbeidsmoral. Vi forventar du tek medansvar for eit godt arbeidsmiljø. 

Søknadsfrist: 2. mai

Les meir om stillinga og søk her!