Vi treng sponsorar!

Elevane på skulen skal ha joggedag til inntekt for TV-aksjonen. Spons nabojenta eller naboguten!

Pexels.com  

Tradisjonen tru skal elevane leggje ned ein stor fysisk innsats for å støtte TV-aksjonen. Dei skal springe/jogge/gå så langt dei klarer på eit par timar. Du som sponsor betaler ein valfri sum per kilometer/runde. Totalbeløpet elevane klarer å samle inn er derfor avhengig av to ting:

Kor mange sponsorar elevane har og kor langt dei spring.

Det fyrste er ein svært god motivasjonsfaktor for å klare ei ekstra runde eller kilometer, så ikkje nøl med å melde deg som sponsor.

Spør nabojenta, nevøen, sonen til kompisen din eller andre barn du kjenner i skulealder om du kan få sponse dei med nokre kroner per runde/kilometer. Beløp er valfritt. Om du gir 3 kroner eller 50 kroner er opp til deg. Alle monnar drar.

Når joggedagen er over, får du melding frå eleven/føresette om kor langt han/ho har sprunge og kor mykje du skal støtte TV-aksjonen med. Beløpet betaler du inn på skulen si digitale bøsse (sjå nedst)

Du kan også gi eit fast beløp – eller gi meir enn det poden eller niesa klarer å springe inn.

I fjor var vi som bur i Hareid kommune best i fylket til å samle inn pengar (per innbyggar). Den plassen håpar vi å halde på i år også!

Her er ei oversikt over alle dei digitale bøssene i Hareid kommune, skulane øvst:

Saknar du ei bøsse? Du kan registrere innsamlingsbøsser både som privatperson og som organisasjon på spleis.no.

Vil du bli fysisk bøsseberar? Registrer deg på blimed.no