Vi treng trygge vaksne til barnehagane og skulane

På grunn av stort fråvær, treng vi ekstravakter til barnehagane og skulane våre.

Bilete av barnehender som leiker med fargerik plastelina. - Klikk for stort bilete Pexels.com
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Er du ein trygg vaksen over 18 år som kan tenke deg å vere i lag med kjekke vaksne og barn i ein av våre barnehagar eller skular? Har du evne og ressursar til å vere med som vaksenstøtte i lag med våre dyktige pedagogar?

Då vil vi gjerne snakke med deg!

Ring 70 09 50 00 eller legg igjen kontaktinformasjon og litt fakta om deg sjølve via dette skjemaet, så høyrer du frå oss.

Her kan du lese meir om skulane i Hareid kommune.

Her kan du lese meir om barnehagane i Hareid kommune.

Det er krav om politiattest for dei som skal jobbe i barnehagar og skular.