Vi vaksinerer med Moderna-vaksine

Hareid kommune har for tida nesten berre Moderna-vaksine. Den gir like god, og kanskje til og med betre beskytting enn Pfizer sin vaksine.

Bente Øvrelid  

Pfizer- og Moderna-vaksinane er rekna som jamstilte. Dei verkar på same måte og kan også gis om kvarandre. Det vil seie at du kan få dose 1 med den eine og dose 2 med den andre.

Pfizer gir god beskyttelse mot alvorleg sjukdom og også mot smitte. Det same gir Moderna-vaksinen. Nye tal kan tyde på at Moderna-vaksinen verkar betre enn Pfizer.

Du kan ikkje velje vaksinetype verken før du kjem eller i vaksinelokalet. Dersom du takkar nei til vaksinering i lokalet fordi du ikkje ønsker å ta typen vi tilbyd, går turen din vidare til neste på lista. Du må då sjølv bestille ny time etterpå om du likevel ønsker å få vaksinen. Du får den vaksinen vi har tilgjengeleg ved eventuelt ny time.

Enkelte grupper får berre Pfizer-vaksine, mellom anna 12- til 17-åringar.

Nokre har stilt spørsmål kva dei skal gjere dersom dei skal reise til enkelte land som ikkje gir innreise når dei tilreisande har fått to forskjellige vaksinetypar. Ifølge helseministeren vil koronasertifikatet berre opplyse om kva type siste dose blei gitt som. Dett er derfor ikkje ei problemstilling. Les meir i denne saka hos NRK.