Vi vil ha dine blinkskot!

Det er mange dyktige fotografar i Hareid kommune og det er mange fine motiv. Kombinasjonen av desse er flotte bilete. Dei vil vi gjerne vise fram!

Klikk for stort bileteTakk til Jenny Helene Øie Røyset som har tatt dette flotte bilete av Tampenbuda og gitt Hareid kommune løyve til å bruke det! Jenny Helene Øie Røyset

Den siste tida har vi fått lov å nytte fine bilete frå fotografar vi har kontakta sjølv. Desse bileta har heva kvaliteten på nettsida og facebooksida vår. Vi er svært takksame for at vi har fått lov å bruke desse bileta.

No ønsker vi å gå breiare ut: Viss du sit på blinkskot frå kommunen, ønsker vi å få lov til å bruke dei. Vi har ein nettside der vi stadig treng bilete for å illustrere artiklar. Vi har ei facebookside som innimellom treng nye forsidebilete. Vi skal skrive rapportar og anna materiell som treng bilete.

Vi ønsker motiv frå heile kommunen, frå fjell og fjord, med folk og fe. Viss du sender oss bilete med personar på, må du ha samtykke frå vedkomande (eventuelt foreldre viss det er barn).

Send høgoppløyselege originalbilete til erlend.friestad@hareid.kommune.no. Legg ved informasjon om når og kvar biletet er tatt og eventuelt kven som er avbilda (hugs samtykke).

Vi har dessverre ikkje moglegheit til å honorere bruken, men alle fotografar vil bli kreditert. Bileta de sender inn, vil kunne nyttast i alle Hareid kommune sine kanalar - elektronisk og trykt. Dei vil ikkje bli seld eller gitt vidare til andre.

Vi kan heller ikkje love at vi kjem til å bruke alle bileta som de sender inn, men jo fleire bilete vi har å spele på, jo betre.

På førehand: Takk!