Vikariat som opplæringskonsulent

Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre ledig eit årsvikariat i 70 prosentstilling. 

Klikk for stort bilete oksore.no  

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Opplæringskontoret for Søre Sunnmøre er eit samarbeidsorgan mellom fleire bedrifter som har teke på seg opplæringsansvar i samsvar med fastsette læreplanar i aktuelle fag. Opplæringskontoret skal koordinere og støtte medlemmane si fagopplæring og medverke til at opplæringa held god fagleg kvalitet. Kontoret skal representere kommunane og medlemsbedrifter ut mot elevar i vidaregåande skule, samt vere bindeledd og kontaktperson mellom skule og lærebedrift.

Vi søkjer deg som 
•    Har relevant fagbrev, yrkesfaglærarutdanning innan Helse- og oppvekst 
•    Har undervisningskompetanse i Helsearbeidarfag 
•    Har erfaring med opplæring, og liker å vere saman med unge 
•    Er god på formidling, engasjement og samarbeid 
•    Er god på å bygge tillit 

Arbeidsoppgåver: 
•    Rekruttering av både lærlingar og lærebedrifter 
•    Teikne lærekontrakter og følge opp lærlingar og lærebedrifter 
•    Tilrettelegging, gjennomføre og undervise på relevante kurs 
•    Kontakt og samarbeid med ulike myndigheiter og skular vedrørande fagopplæring 

Kvalifikasjonar: 
•    Fagbrev, yrkesfaglærar, PPU eller anna yrkeserfaring frå relevante yrker innan for helse og oppvekstfag 
•    Gode språkkunnskapar, samt god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg 
•    Relevant IKT kompetanse 
•    Gode samarbeidsevner 
•    Førarkort 

Personleg eigenskapar: 
•    Gode kommunikasjon evner og samarbeidsevner 
•    Sjølvstendig, strukturert og systematisk, med god gjennomføringsevne 
•    Løysningsorientert, initiativrik og innbyr til tillit 
•    God formuleringsevner både skrifteleg og munnleg 
•    Personleg eignaheit vil bli vektlagt 

Stillinga vil medføre ein del bilkøyring, så den som vert tilsett må ha tilgang til eigen bil. 

Søknadsfrist: 20 mai 2021 
Er dette noko for deg? så send søknad og cv til: 

Opplæringskontoret for søre Sunnmøre 
Smårisevadet 15 
6065 Ulsteinvik 
Eller på mail: anne.mari@oksore.no 

For meir informasjon om Opplæringskontoret, sjå nettsida oksore.no 
Har du spørsmål om vikariatet ta kontakt med dagleg leiar Anne-Mari Pilskog på mobil:95831180.