Viktig informasjon om efaktura

Viss har sagt ja til banken at den automatisk skal opprette efaktura, må du passe på viss du betalar reikningar for andre.

Klikk for stort bilete Eugene Chystiakov from Pexels

Vår leverandør av økonomisystem, Evry,  gjer merksam på at etter at bankane har innført ein funksjon som heiter «Ja takk til alle» og automatisk avtalefangst av efaktura, kan ein risikere å få efaktura på andre sine reikningar.

Viss du har sagt ja til desse tilboda og betaler ein reikning for ein annan, til dømes kommunale avgifter, vil ikkje banken ta omsyn til at det står eit anna namn på giroen. Då vil det automatisk opprettast ein efaktura-avtale mellom deg og ustederen av fakturaen.

Denne efaktura-avtalen vil vere aktiv i nettbanken inntil den blir avslutta.

Aktive efaktura avtalar må avsluttast i nettbanken til den som har inngått avtalen. Kommunen kan til dømes ikkje avslutte ein efakturaavtale som gjeld kommunale avgifter. Har de ytterlegare spørsmål kan de ta kontakt med eigen bank.