Viktig informasjon til pårørande om nedetid på kritiske system

På grunn av omfattande omlegging i nettverket til Søre Sunnmøre IKT (SSIKT) vil Hareid kommune i perioden kl. 10:00 laurdag 13. november – 04:00 søndag 14. november vere utan viktige tenester.

 

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

For velferd sin del vil det seie at vi i dette tidsrommet på 18 timar ikkje vil ha tilgang til følgande tenester:

  • Vårt pasientsystem via PC eller mobil
  • Helsenett som gjev tilgang til å sende/motta meldingar til/frå lege eller sjukehus
  • Pasientsignalanlegget på sjukeheimen
  • Alle tryggleiksalarmar i heimen

Sjå nedst i saka over system i andre delar av organisasjonen som blir råka. Alle sektorar er budd på nedetida.

Omlegginga er lagt til den tida i veka som er vurdert til å smerte minst for drifta til kommunane, men samstundes på ei tid med redusert bemanning (helg). Pleiarar må prioritere å gje naudsynt helsehjelp og med mangel på viktige hjelpemiddel vert dette utfordrande. Det vert difor oppmoda til at pårørande i dette tidsrommet tek seg ekstra av sine eigne på sjukeheimen eller heimebuande gjennom telefondialog, besøk eller overnatting hjå heimebuande.

Hareid kommune har i dag om lag 100 tryggleiksalarmar i drift i private heimar. Heimetenestene har rutine på å vurdere kven som må prioriterast med ekstra tilsyn i slike situasjonar. Det er difor ikkje høve til å ringe heimetenestene og oppmode om ekstra besøk om den heimebuande ikkje står på denne prioriterte lista.

Dersom du som pårørande i nemnte tidsrom vel å opphalde deg i heimen ilag med pasienten er det ønskeleg at du gjev beskjed om dette til heimesjukepleia sin vakttelefon: 915 66 732. Det kan bidra til at tilsette kan sikre naudsynt hjelp til andre pasientar.

 

System som ikkje vil fungere i andre sektorar:

Oppvekst

  • Alle fagsystem vil vere utilgjengelege
  • Chromebooks vil ikkje fungere, heller ikkje heime (pålogging vil vere umogleg)

Andre tilsette

  • Alle fagsystem vil vere utilgjengelege

Telefoni

  • Alle fasttelefonlinjer vil vere nede

Internettaksess og trådlaust nett

  • Det vil ikkje vere tilgang til internett, frå nokon stad
  • Trådlausnett vil ikkje fungere

Kultur

  • Kassasystem som treng nett
  • Billettsystem
  • Bibliotek vil ikkje nå Micromarc
  • Dei som evt leiger hallar, skular og liknande denne dagen vil ikkje ha trådlaust gjestenett

Office 365

  • Pålogging til Office 365 vil ikkje fungere.