Vil bli bøssebærar for TV-aksjonen?

I Hareid kommune treng vi 70 personer som kan hjelpe til med å samle inn pengar til CARE sitt arbeid for kvinner sine rettar.

Klikk for stort bileteFylkesaksjonsleder TV-aksjonen NRK Møre og Romsdal, Victoria Linnerud, daglig leder av Ulstein Frivilligsentral, Inger Anne Dimmen, daglig leder av Hareid Frivilligsentral, Heidi Pedersen Kvalsvik , koordinator i Hareid kommunekomitè, Sissel Nevstad, koordinator i Ulstein kommunekomitè, Bennie Hansen, fylkesaksjonskomitèleder, Gunn Berit Gjerde og leder for Sanitetskvinnene i Hareid, Astrid S. Riise møttes for status og erfaringsutveksling mandag 19. august i Hareid rådhus.

Dato for TV-aksjonen er 20. oktober. Pengane som blir samla inn skal gå til
å gi kvinner moglegheit til å tene eigne pengar. Pengane skal dei tene med å bli med i spare- og lånegrupper som gjer at dei får kapital til å starte eigne arbeidsplassar.

å gi kvinner moglegheit til å bestemme over eiga kropp. CARE jobbar for at kvinner skal få moglegheit til å bestemme om og når dei skal ha barn. CARE vil også legge til rette for gode helsetenester til gravide, nybakte mødrer og barna deira. 

å gi kvinner moglegheit til å få stemma si høyrd og delta i avgjersler. Dei skal få opplæring i politisk leiarskap og deltaking i arbeidsliv og i lokalsamfunnet.
Her kan du lese meir om kva pengane vil gå til.

For å melde deg som bøssebærar, gå inn på denne lenka.