Vil du bli brannkonstabel?

Hareid og Ulstein brannvesen har ledig ei til to deltidsstillingar som brannkonstabel ved Hareid brannstasjon.

Klikk for stort bilete Pexels.com /Bjørn Nielsen  

Brannsjefen er din næraste overordna og du vil samarbeide med anna personell i brannvernet. Du må bere personsøkjar/radio. Møter, kurs og planlagde øvingar kan skje på ettermiddag og kveld. Stillinga(ne) er på 1,68% i tillegg til  turnus med heimevakt kvar fjerde veke.

Vanlege arbeidsoppgåver som brannkonstabel er utrykking til brann- og redningsoppdrag der du mellom anna vil arbeide med sløkking av brann, røykdykking, frigjering ved ulykker og sikring av ulykkesstader. Vi assisterer andre naudetatar ved behov, og kan også bli kalla ut til andre samfunnsnyttige oppdrag.

Les meir og søk her.

Søknadsfrist 9. august.