Vil du bli seksjonsleiar i barnevernet?

Vil du vere med å bidra til at barn og unge får gode oppvekstvilkår? Trivst du i ein hektisk arbeidskvardag med tett samarbeid med kompetente medarbeidarar? Då er det kanskje deg vi treng inn i vår teneste.

illustrasjonsbilete - Klikk for stort bilete Marius Beck Dahle/Volda kommune

Søre Sunnmøre barnevernssamarbeid består av kommunane Hareid, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta. Ein av våre seksjonsleiarar vert pensjonist og vi har difor ledig 100 prosent fast stilling som seksjonsleiar. 
Volda kommune er vertskommune og tenesta er lokalisert i rådhuset i Volda. Barnevernstenesta har fokus på medverknad, kvalitet i arbeidet og fagutvikling. Kommunane i samarbeidet legg vekt på samhandling og er BTI kommunar. Barnevernstenesta deltek aktivt i dette arbeidet. 

Les meir og søk her (Volda kommune sine nettsider).

Søknadsfrist 25. mars.