Vil du hjelpe til på valdagen?

I haust er det kommuneval. Mesteparten av det praktiske arbeidet på røystestadane er det røystestyrene som står for. Desse treng fleire medlemmar. Vil du vere ein av desse?

To valfunksjonærar sit klare til å ta imot røyster. - Klikk for stort bilete Hareid kommune
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Valdagen er eit høgdepunkt i lokaldemokratiet. Då skal vi velje kven som skal sitje i kommunestyret og fylkestinget. Vi som er ansvarlege for valet legg mykje arbeid i at alle som vil røyste skal få røyste, at det er hemmeleg kva den enkelte har røysta og at alle røystene blir talt på korrekt måte. Vi bruker også mykje tid på å fortelje om prosessen rundt. Målet med denne openheita er at innbyggarane skal ha tillit til at vi faktisk har frie, hemmelege og sikre val.

Vi ser derfor etter personar som er nøyaktige og til å stole på. Du må kommunisere godt på norks, men elles ikkje ha noko særleg med bakgrunnskunnskap. Har du tospråkleg kompetanse vil vi gjerne vite om det.

 

Erfarne kollegaar

I tillegg til arbeid på sjølve valdagen, må du også rekne med å delta på noko opplæring.

Med deg i vallokalet vil det vere erfarne røystestyremedlemmar. Alle som er leiarar i dei forskjellige røystestyra har vore leiarar i minst to val tidlegare. Mange røystestyremedlemmer er med på val etter val, fordi dei synest det er ein kjekk og meiningsfull oppgåve.

Oppgåver i vallokalet kan vere å ta imot røyster, registrere veljarar, halde oppsikt med lokalet, rettleie veljarar slik at dei får røysta og oppteljing av røyster.

Mange ønsker å sitje i røystestyret i den kretsen dei høyrer heime i. Vi skal prøve å få til det, men ønsker likevel å vere fleksible sidan vi har hol å fylle på grunn av personar som har trådd ut av røystestyra av forskjellig årsak.

 

Plikter og gode

Som medlem av røystestyret er du folkevald. Du vil få utbetalt ei godtgjersle på noko over 550 kroner. Dersom du er arbeidstakar har du krav på fri, og kommunen dekker tapt arbeidsforteneste opp til om lag 2500 kroner.

Blir du vald inn i røystestyret i ein av krinsane, må du rekne med å vere tilgjengeleg frå 1230-20. Vallokala er opne frå klokka 13-19, men det skal setjast i stand før opning og røystene skal teljast i etterkant.

 

Kven kan stille?

Alle som er busette i Hareid kommune og har røysterett, kan sitje i røystestyret. Du må ikkje vere norsk statsborgar for å røyste i lokalval. Det held at du har vore busett her i minst tre år. Statsborgarar i dei nordiske landa må vere busett per 30. juni for å ha røysterett.

Dersom du sjølv står på val på ein av listene til kommunevalet i Hareid, kan du ikkje vere med i røystestyret.

 

Har du lyst til å stille?

Send ein e-post til valansvarleg erlend.friestad@hareid.kommune.no der du fortel litt om deg sjølv.

Det er valstyret som formelt vel personar til røystestyra, så om du melder deg no, vil det blir rekna som ein «nominasjon». Valstyret vil antakeleg gjere suppleringsvalet i juni, så du vil først beskjed om kva røystestyret du hamnar i då.

Supplperingsvalet vil gjelde berre for dette valet, for røystestyra skal veljast på nytt etter kommunevalet. Då blir dei valde for fire år. 

Spørsmål? Ta kontakt med valansvarleg på e-post eller telefon 97 14 35 43.