Vil du hjelpe til under valet?

Hareid kommune treng folk som kan gjere ein viktig jobb for lokaldemokratiet.

Klikk for stort bilete Pexcel.com

Å røyste i kommunevalet er den enkelthandlinga som har størst påverknad på lokalpolitikken. Derfor legg kommunane, fylkeskommunane og staten mykje ressursar i at valet skal gå rett føre seg.  Dei som er ute i vallokala og møter veljarane, har mykje å seie for opplevinga til dei som røyster og dei er med på å sikre at vi har frie og hemmelege val.

Hareid kommune treng no ekstra valfunksjonær til vallokala i enkelte av krinsane våre. Du vil vere med på å veglede veljarane, ta i mot røyster, bistå med å halde ro og orden og anna praktisk arbeid i vallokalet. Du vil få god opplæring.

Dei som skal vere valfunksjonærar i Hareid, vil bli velt inn i eit røystestyre. Det er eit folkevald organ som gir deg rettar og plikter. For å sitte i røystestyret er det eit krav at du har stemmerett i Hareid kommune. Vi vil også at du snakkar flytande norsk, men det er ingenting i vegen for at du er fleirspråkleg og dermed kan hjelpe personar med bakgrunn frå andre land. (I kommuneval treng ein ikkje statsborgarskap for å røyste.)

Medlemmane i røystestyra får vanleg møtegodtgjersle. I tillegg dekker vi tapt arbeidsforteneste.

Dato for valet er 9. september. Vallokalet på Hareid rådhus vil ha ope frå 10-20 – dette vil bli delt opp i to økter. Dei andre vallokala har ope frå 13-19 og blir ei økt.

Send ein e-post til valansvarleg erlend.friestad@hareid.kommune.no med nokre ord om deg sjølv og kvifor du vil sitje i røystestyret. Du treng ikkje å sitje i røystestyret i den krinsen du er busett i, men viss du har ønsker skriv du dei også.

Valansvarleg vil legge fram eit forslag på kven som skal veljast til valnemnda som so innstiller til valstyret. Det er valstyret som til sjuande og sist bestemmer kven som skal sitte i røystestyra. Normalt vil ein bli vald inn for fire år av gangen, men dei som blir valt inn i dette suppleringsvalet, vil sitte til dette valet er gjennomført.

Vi håpar sjølvsagt at oppgåva gir meirsmak slik at det nye kommunestyret kan velje dykk for fire nye år.