Vil du jobbe saman med desse?

Er du sjukepleiar, vernepleiar, barnevernspedagog, hjelpepleiar, omsorgsarbeidar, helsefagarbeidar, kokk, kjøkenassistent, heimehjelp eller assistent? Vi treng ferievikarar!

Klikk for stort bileteHeimehjelparane i Hareid kommune er ein blid gjeng. Vil du jobbe saman med dei, er det berre å søkje! 

I sektor for velferd søkjer vi etter deg som vil vere ferievikar i perioden 22.06.2020 – 17.08.2020.  Vi legg vekt på at du er positiv, arbeidsglad, sjølvstendig og ansvarsbevisst. Du er god på samarbeid, og skaper gode relasjonar til menneske kring deg. Vi kan tilby godt fagmiljø, pasientkontakt, gode kollegaer og løn etter avtale.

Ta sjansen og søk innan 10 mars!

Les meir om stillingane og søk her.