Vil du vere med å utvikle reiselivet på Ytre Søre?

Vi vil ha med reiselivsbedrifter, kulturnæringa, gründerar og personar som vil starta kommersiell reiselivsverksemd til verkstadsamling for  å utvikle og forbetre reiselivet i regionen.

Klikk for stort bileteIshavsmuseet Aarvak er eit av Hareid sine viktigaste turistmål. Ishavsmuseet Aarvak  

Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, Møre og Romsdal fylkeskommune samt kommunane på Ytre Søre, inviterer til første av i alt fire verkstadsamlingar, med målsetjing å utvikle og forbetre så mange opplevingsprodukt som mogleg i regionen vår. Arrangementet passar for reiselivsbedrifter, kulturnæringa, gründerar og personar som vil starta kommersiell reiselivsverksemd.

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Meld deg på nyheitsbrev her.

Reiselivsprosjektet skal knyte aktørar med felles interesser saman. Det skal skape nye aktivitetar og opplevingar for besøkande i kommunane og helst på tvers av kommunegrensene. Eit mål for prosjektet er at tilboda og attraksjonane ikkje berre vert utvikla for tilreisande, men også for lokalbefolkninga. Noko som kan være med på å gjere lokalsamfunna meir attraktive. Meininga er at ein god stad å bu og arbeide også er ein god stad å vere gjest.

Innhaldet i verkstadsamlingane er produktutvikling, pakketering og attraksjonsutvikling. I dette inngår korleis vi set riktig pris, korleis vi handterer mva, distribusjon og sal av produkta.

Om du representerer ein reiselivsbedrift eller ein kulturorganisasjon som vil utvikla fleire opplevingar og nye tenester, eller du allereie har fleire opplevingar du vil selja saman med andre for å løfte eiga attraksjonskraft, passar verkstadsamlingane for deg. Tilsvarande om du er gründer eller på tur inn i opplevingsnæringa.

Dei fire verkstadsamlingane byggjer på kvarandre i eit utviklingsløp og du må difor rekne med å delta på alle.

Verkstadsamling 1, Prosjekt  «Produktutvikling reiseliv, Ytre søre Sunnmøre».

Tid: 4. februar kl 15 - 20

Stad: Runde Miljøsenter

Påmeldingsfrist: tysdag 28.jan 

Påmeldingslenke: https://forms.gle/aHCjHuzXqH1jP6SW6

Program:

15.00        Velkommen, hensikt og presentasjonsrunde

15.15        Gjennomgang av resultat frå kartlegginga

15.40        Etterspørsel i marknadene relatert til regionen

16.15        Slik lagar vi nye pakkar og produkt, og finn riktig pris for det vi leverer

16.45        Mat-pause

17.30        Vi utviklarar nye pakkar og produkt saman

19.00        Oppsummering og gjennomgang av heimelekse

19.45        Avslutning og heimreise

 

Dei påfølgande verkstadsamlingane vert arrangerte 4.3, 19.3 og 16.4. 2020. Vi kjem tilbake med nærare informasjon.

Vi minner også om spørjeundersøkinga som er sendt ut frå 2469 reiselivsutvikling. Om du ikkje har svara på denne, hadde vi sett stor pris på om du brukte 5 min på den, innan torsdag.

Skulle noko være uklart eller om har spørsmål, er det berre å ta kontakt med

Audun Hopland, Prosjektleiar                      audun.hopland@ulstein.kommune.no

Tom Anker Skrede, Reiselivssjef                  tom.skrede@visitalesund.com