Voff! No gjer Hareid kommune det lettare å plukke opp etter meg!

Dei har nemleg gått til anskaffing av 10 hundeposestativ som skal plasserast rundt omkring i kommunen der eg og mine firbeinte vener likar å gå på tur.

Klikk for stort bilete

Kommunen står bak tiltaket saman med ulike sponsorar.

Når du er ute og luftar meg, er det berre å forsyne seg med poser frå stativet. Då har du noko for handa når eg må legge frå meg ein krussedull eller kabel (viss eg har ete myyykje).

Posane blir nedbrotne etter ei viss tid i naturen, men eg synest det er flaut om du berre kastar dei i naturen likevel. Ta dei med heim eller til næraste bossdunk, so blir både eg og dei andre som går på tur glade!

Om det er tomt for posar kan du ringe teknisk vakt på 97 06 23 60 so ordnar dei opp.

Hareid kommune har dessverre ikkje pengar til å setje opp bossbøtter i samband med stativa, men dei har sagt til meg at dei vonar dei kan få til dette allereie neste år.

No vil Hareid kommune ha innspel til kvar dei bør setje opp desse stativa. Kvar er det du plar å lufte meg og kvar treff eg venene mine når vi er på tur? Det er viktig at stativa enkelt kan nås med bil og gjerne i samband med parkeringsplassar.

Send innspela dine til postmottak@hareid.kommune.no eller legg igjen ein kommentar på Facebook innan 20. oktober.

Voff, voff, helsing Fido.