Vold i nære relasjonar - ikkje ein privatsak

Krisesenteret for Sunnmøre inviterer til gratis fagdag for alle interesserte.

Klikk for stort bilete Kunst av Liza Hasan    

Fagdagen er eit samarbeid mellom Krisesenter, politi, barnehus, barnevern, støttesenter for kriminalitetsutsette og overgrepsmottak. Ein dag der vi kan møtast og dele kunnskap om vold og korleis vi kan hjelpe dei utsette.

Marianne Secher, Erfaringskonsulent 
«Sjølv om eg snakkar om røffe emne som seksuelle overgrep, vold i nære relasjonar og psykiske lidingar, er eg opptatt av å formidle håp.»

Jon Gangdal, Forfattar, eventyrar og journalist
– historia om Christoffer, Angelica og andre barn som har vore utsett for vold og overgrep 
Foredraget er basert på fleire sterke bøker som Jon har skrive, og legg hovudvekta på korleis den kollektive omsorga sviktar på grunn av manglande samhandling i det offentlege hjelpeapparatet.

Evelyn Røren, Politioverbetjent og trussel- og familievoldskoordinator
Vold og seksuelle overgrep: Fra magekjensle til handling

Presentasjon av ulike sider i hjelpeapparatet;
Krisesenter, overgrepsmottak, barnehus, barnevern og støttesenter for kriminalitetsutsette. Lær mer om oss, kva vi ser og kva vi ser etter. 

Du kan velje mellom to dagar:

  • Ålesund 04.11.19
  • Ørsta 05.11.19.

For fullt program sjå her.

Fagdagen er gratis. Det blir servert enkel lunsj.

Påmeldingsfrist: 25. oktober, eller ved fullt.

Påmelding via dette skjemaet.

https://skjema.onacos.no/alesund/sd/skjema/ALE514/

Kontaktperson:
Cecilie Rønstad Teunissen
Tlf. 70 16 33 33 / 952 16 969
cecilie.teunissen@alesund.kommune.no