Hareid kommune vil at fleire skal ta imot digital post

Digital post Illustrasjon

 

2 634 innbyggjarar i Hareid kommune har ikkje teke i bruk digital postkasse. Difor startar kommunen ein kampanje for å få fleire til å ta imot digital post frå oss.

Nesten 1,8 millionar nordmenn brukar i dag digital postkasse og får dermed post frå kommunen og andre offentlege etatar digitalt i staden for på papir. Potensialet for bruk av digital post er vesentleg større enn dette. I Hareid kommune er det berre 1 519 innbyggjarar som har teke i bruk digital postkasse.

Kvifor digital postkasse?

Samfunnet brukar i dag store ressursar på papirpost. Difor set kommunen i gang ein kampanje for å få fleire til å velje bort papir. Innan kort tid vil de som ikkje har oppretta digital postkasse, få ein e-post frå kommunen med oppfordring om å gjer dette.

I dag sender vi ut brev i postkassen til 2 634 innbyggjarar, noko som kostar fjorten kroner per brev. Det høyrer kanskje ikkje så mykje ut, men til saman er dette ressursar og pengar vi kunne brukt på noko langt meir nyttig, som for eksempel barnehage, helse eller kulturtilbod. Målet vårt er at alle innbyggjarar går over til digital postkasse slik at vi sparer dei ressursane og ikkje minst miljøet.

 

Motta digital post fra det offentlige! from Difi on Vimeo.

 

 

Kommunen trur også at mange innbyggjarar vil synast at digital postkasse er praktisk: Du unngår unødvendig ventetid, og får mange brev fra det offentlege og det private direkte i den digitale postkassen. Raskt, sikkert og enkelt.

Skaffar du deg digital postkasse vil du få vedtak om barnehageplass eller skuleplass, vedtak i byggesaker og  andre dokument i den digitale postkassen. Der blir dei liggande i ditt personlege arkiv så lenge du vil.

Vi håper innbyggjarar som ikkje har oppretta digital postkasse tek seg tida til å bruke nokre minutt på å gjer dette. De som treng hjelp til å opprette digital postkasse, eller har spørsmål om tenesta, kan kontakte kommunen - vi hjelper gjerne.

På 11. plass i fylket

1 519 innbyggjarar i Hareid kommune har alt skaffa seg digital postkasse. Det utgjer 36,6 prosent av alle innbyggjarar over 15 år, og plasserer kommunen på 11. plass av 36. kommunar i Møre og Romsdal og på landsbasis er vi på 145. plass. (Kilde: Difi.no)

Opprette digital postkasse

Slik skaffar du deg digital postkasse: Gå inn på norge.no

  • Vel «Digital postkasse»
  • Finn fram den elektroniske ID-en din (e-ID), for eksempel din BankID
  • Vel enten Digipost eller e-Boks

Følg instruksjonane frå e-Boks eller Digipost for å opprette postkasse.

Publisert av Helga Bøe-Grimstad. Sist endra 05.03.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering