Konkurranse Bjåstad – Røyset

Snipsøyrdalen - Bjåstad - Røyset - Klikk for stort bilete Per Eide

 

Føremålet med anskaffinga er å finna eigna entreprenør for utbygging av ca 3 km nytt VA-anlegg med tilhøyrande tekniske installasjoner på Bjåstad – Røyset. Det skal og førast fram fiber, og vegen skal oppgraderast til BK 10.

Anleggsstart vil vere i veke 32. (Etter kontraktssignering kan tilbydar starte på arbeidet tidlegare enn veke 32 om ein har kapasitet til dette) Ein vil da starte med fase ein som er å oppgradere innerste del av vegen, mot Ulset. Denne delen er i svært dårleg forfatning. Ein må bytte ut stikkrenner, samt forsterke underlaget med geonett. Vegen skal opparbeidast slik at den er klar til asfaltering. Innbyggarane vil måtte nytte denne vegen som tilkomst under anleggsarbeidet. Når dette er sikra kan ein starte med utbygging av va-anlegget.

Synfaring 07. mai 2018 kl 0900
Frist for å stille spørsmål 16. mai kl 11.00
Tilbodsfrist 25. mai kl 16.00

For meir informasjon sjå doffin.

Kontaktperson Øyvind Vassbotten

Publisert av Helga Bøe-Grimstad. Sist endra 30.04.2018
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Øyvind  Vassbotn Øyvind Vassbotn Ingeniør
957 53 575
@ Øyvind Vassbotn
Login for redigering